Dette er ein heller «liten» huslyd frå Jostedalen, som eg har freista finna ut meir om mange år. Kanskje er det no tid for endeleg, med dykkar hjelp, å lukkast?
Eg attgjev frå manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~
Anders Hermundson Fossen, f. {i Jostedalen} 23.9.1905, voks visstnok opp hjå morsfolket sitt på Fossen.
Men i 1928 utvandra Andrew Fossen til Amerika med reisemål Lougheed, Alta. Han gifte seg i Waterways, Ft. McMurray, Alta. 5.4.1939 med Helen
##### (middle name? – ”French/Indian”)
Cardinal, f.
##### (date and place of her birth?)
##### (date and place of her death?)
Andrew og Helen
##### (or were they divorced?)
busette seg i Uranium City, Sask. der Andrew livnærte seg som jægar og gullgravar («hunter and gold miner»). Han d. i Uranium City, Sask. 9.9.1982.
##### (or did he die Jan. 3, 1983??)
Ingen born.
~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!