Eg har vanskar med å komplettera detaljane om kona til bergensaren (med røter frå Hafslo i Sogn) Arthur Teigen (1917-1957), Winifred f. Craig, som sidan skal ha gift seg att med ein Skaugli, men om dei budde i Bergen eller i London, veit eg ikkje.
Eg attgjev frå manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~~
a. Arthur Roald Torleifson Teigen, f. i Bergen 5.11.1917, d. i Bergen 8.1.1957. Arthur gifte seg i Pitlochry, Perthshire, Skotland 20.7.1944 med Winifred Margaret Robertsdotter Craig, f. i Aberfoyle, Perthshire, Skotland 21.4.1924. Ho d.
¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – flytte november 1958 til Chelsfield nær London, England! – attgift Skaugli? - oppl. om andre ekteskap og om andre ektemann? - fekk dei born?)
Både Arthur og Winifred tenestegjorde under andre verdskrigen, men busette seg sidan i Bergen der Arthur var bilseljar, medan Winifred var frisør. Dei fekk to søner i lag.
~~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!