Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'dna-testing'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg vert alltid forundra når eg kjem over diskusjonar som dette i dag, både her på Brukarforumet og (som i dette tilfellet) hjå Slekt og data, jf. desse trådane (som bør konsulterast før ein les vidare): https://slektogdata.no/slektsforum/viewtopic.php?p=825026 Eg spør meg: Har ikkje folk oppdaga DNA-testing? Slike spørsmål som dette er «midt i blinken» for hypotetisk-deduktiv forsking med hjelp av DNA-testing av etterkomarar. Serleg i tilfelle som dette, når farskapet er so pass langt framme i tida, er DNA-testing eit kraftfullt verkty for å testa ulike hypotesar, av den enkle grunn at det går spill levande menneske rundt oss i dag med lykelen til desse «mysteria», i DNA-et sitt. I denne saka kunne ein t.d. fyrst freista å lokalisera etterkomarar av nokre av dei uektefødde borna åt denne skomakaren Ola Andersson Furu og testa om det dreiar seg om same mann. Det ville koma greitt fram jamvel av ein enkel autosomal test. Det beste ville vera om ein fann etterkomarar i mannslina, slik at ein kunne få fram Y-DNA-et åt barnefaren. Ein kunne so gå vidare med å testa skyldfolk langs mannslinene åt dei kandidatane som ein har lokalisert i Sunndalen, og sjølvsagt byrja med den mest opplagde kandidaten (ikkje amtmannen og heller ikkje dei som reiste til Tromsø). I beste fall kunne ein greia seg med ein par–tre Y-DNA-testar – og vipps, so har ein løyst gåta! Ikkje meir desperat leiting i kjeldene, ikke fleire endelause diskusjonar. Det gjeld noko so enkelt som å tilpassa verktya sine og kjeldebruket til det ein vil finna ut. DNA er i dag ei genealogisk kjelde på lik line med kyrkjebøker og skifteprotokollar. Og nei, det er ikkje slik at «alle i bygda» har det same (Y-)DNA-et, og at det difor er nyttelaust. Gjennom avansert testing kan ein skilja dei fleste dokumenterte mannsliner frå kvarandre. Og som «DNA-jeger» Peter Sjölund plar seia i fjernsynsruta: «DNA lyg ikkje» – det er vel eit udelt gode? Det er på høg tid at ein større del av det slektsforskande Noreg legg frå seg alle fordomar mot DNA-testing – som ofte botnar i at ein ikkje har sett seg ordentleg inn i kor nyttig det er – og i staden vert med på den nasjonale dugnaden det er å få kartlagt mest mogeleg av DNA-et i norske ætteliner. Ein god stad å byrja er å taka ein Family Finder-test hjå firmaet FamilyTreeDNA, som òg tilbyd dei avgjerande Y-DNA- og mitokondrielle testene (eller mannsline- og kvinnelinetestar), som dei er åleine om. Altfor mange testar seg hjå MyHeritage, som er betre på å marknadsføra seg, men det stengjer vegen vidare for dei mest interessante DNA-testane – og ein må eventuelt testa seg på nytt, hjå FamilyTreeDNA (derimot er det enkelt å overføra ein test frå FTDNA til MyHeritage). Om ein har foreldre i live, eller endå eldre slektninger, bør ein byrja med dei, for dei gjer det mogeleg å koma endå lenger attende i slekta. So bør alle melda testen sin (evt. testane sine) inn i Noregsprosjektet DNA, som sorterer og analyserer norske manns- og kvinneliner. Les «En appell til alle slektsgranskere» her: https://www.norwaydna.no/dna-dokumentasjonsprosjekt/ og sjå førebels resultat her: https://www.familytreedna.com/groups/norway/about Eg må heilt til slutt leggja til at eg faktisk har testa ein etterkomar i mannslina etter eitt av desse borna (Magnus, f. 1881), og det var grunnen til at eg kom borti desse diskusjonssidene. Eg visste ikkje at testpersonen hadde ei so usikker – og difor interessant – farsline, men ville testa honom av di me er skylde på morsida hans. Om det er nokon som kjenner seg kalla, er eg gjerne med på eit samarbeid om å lokalisera mogelege mottest-kandidatar! Klaus Johan Myrvoll, DNA-ættegranskar og medadministrator i Noregsprosjektet DNA
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.