Eg har motteke følgjande utfordring som eg vonar nokon på Sørlandet med lokal kunnskap kan hjelpa meg løysa:
Rasmus Andersson Fodnes, f. i Lærdal 22.4.1821, fekk tre born utanfor ekteskap, medan han budde i Sogn. So skal han ha gift seg 27.11.1871 i Dypvåg kyrkje i Aust Agder med ei Gunhild Christensdotter, som visstnok var frå Risør.Dei fekk to born i lag før dei utvandra til Amerika:
* Anders Severin, f. 1876
* Anette Kristine, f. 17.5.1879
Eg kan ikkje finna denne vigsli! Eg har søkt i Dypvåg i Tvedestrand, men utan resultat - kan datoen vera feil?
Er det mogeleg å finna ut noko meir om denne Gunhild Christensdotter? Kvar kom ho ifrå, og kva foreldre og søsken hadde ho?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!