I samband med leitingi etter Siri Olsdotter Rønnei frå Luster, fødd i Luster 10.8.1831, sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/266754-siri-olsdotter-rønnei-fødd-i-luster-1081831-vart-konfirmert-i-1845-forsvinn-so-frå-luster-kvar-kan-ho-ha-vorti-av-nordland-eller-bergen-kva-med-broren-johannes-olson-rønnei-som-utvandra-til-amerika-i-1868/
er det dukka opp ein svært aktuell «kandidat» som i 1865 fekk støtte hjå fattigvesenet i Koparvik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038218000577
Og då er spørsmålet: Siri(ne) MÅ ha vera omskrivi hjå det lokale fattigvesenet, og kanskje finst det òg heimstavnsprotokollar som kan fortelja oss meir om ho?
Eg har ikkje finne noko i Digitalarkivet som eg tykkjer høver, men som kjent kan fleire par auge vera mykje meir effektive enn eitt...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!