Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i fleire år, men som framleis står uløyst!
I eit dobbeltbryllaup i Goodhue Co., MN 12.10.1876 gifte Maria «Mary» A. URNESS frå Hafslo (1853-1935) seg med Paul Møller Jensson Smed «Paul M. JENSON» frå Røros (1841- ) og søsteri:
Johanna Maria «Jennie» A. URNESS (1851-1933) seg med ein Christopher «Chris» HALVORSON, som ifølgje FT1875 var fødd i Noreg kring 1845, medan FT1880 oppgjev 1840 som fødselsår. Han var handelsmann i Forest Mills, Zumbrota township, Goodhue Co., MN der han d. 13.10.1880. Dei fekk ei dotter i lag, Malena «Lena» (1877-1878) som var oppkalla etter mor hennar!
Frå innlegg #47 og utover i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/205378-peter-m-jensen-fødd-i-noreg-kring-1854-gift-i-goodhue-co-mn-12101876-med-mary-urness-frå-hafslo-f-1853-kven-kan-denne-karen-ha-vore/page/2/
er opphavet til Christopher Halvorson drøfta, men ingen av dei «kandidatane» som den gongen vart funne, synest høva med «vår» Christopher, so det er framleis eit kjempemysterium kven denne Christopher kan ha vore!?
No vonar eg at ein eller annan i Brukarforum kan hjelpa meg med denne ufordringi, og eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips! Kanskje er han som handelsmann i Forest Mills/Zumbrota nemnd i avisoppslag frå nabolaget??