Eg er i kveld komen borti ein noko «underleg» huslyd, som eg gjerne vil drøfta med dykk:
Oscar Emanuel Fremberg, skal vera fødd anten 29.2. eller 1.3.1876 i eller nær Christiania, Noreg(!). Første gongen eg finn han nemnd, er i FT1906 for Assiniboia, SK, og då er han gift med:
Marie Olsdotter (Peterson), oppgjevi fødd 21.2.1875 eller 1877 i Noreg - uvisst kvar, men foreldri hennar skal ha vore Ole Peterson og Margretha Eriksdotter.
Dei fekk visstnok tre born i lag:
* Eva Fremberg, fødd i US 1902
* Mable Fremberg, fødd i SK 1905
* Olga Fremberg, fødd i SK 1912
I 1915 flytte Oscar og Marie frå Langenberg, SK til Fergus Co., MT, men dei vart skilde kort tid etter, og Marie gifte seg på ny i Harlowton, MT 26.5.1919 med Martin Hermundson Sandvik frå Luster (1879-1955). So skjedde det «pussige» at Marie og Martin skilde lag, og Marie ser ut til å vera flytt saman att med Oscar Fremberg i Seattle, WA, men eg finn ikkje nokon av dei i FT1930!!
Marie Fremberg døydde i Seattle, WA 28.10.1934, medan Oscar Fremberg døydde same staden 12.4.1965. Dei ligg gravlagde i lag i Seattle, WA:
https://www.findagrave.com/memorial/125233962
https://www.findagrave.com/memorial/125233981
Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut/kontrollera:
** Fulle (norske) namn til Oscar Emanuel Fremberg og kona Marie?
** Dato og stad for fødslene deira?
** Fulle namn på foreldri deira med yrke og opphav?
** Utvandringsåri deira?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!