Gjert Christenson (1781-1856) og kona Agatha Andersdotter (1771-1846) var husmannsfolk på plassen Hesteskår under garden Heltne i Luster. Dei fekk ein einaste son i lag:
* Aamund Gjertson, døypt i Hafslo 15.7.1804
Aamund laut stå fram som barnefar i Luster i 1844, men då det i 1857 vart halde skifte etter faren, får me vita følgjande:
Aamund Gjertson sat fengsla på Bergenhus festning.
Me får ikkje greie på kva han hadde gjort, og merkeleg nok får eg ikkje noko opp hjå Digitalarkivet når eg gjer eit «Avansert personsøk» etter han!
Aamund kom aldri attende til Luster det eg veit, og lagnaden hans er soleis heilt ukjend!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Aamund Gjertson!