Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'gulbrand'.
Fant 1 resultat
-
Utgongspunktet for dette emnet er ei «utfordring» som eg har hatt liggjande i mange år - saksa frå følgjande to tema: * https://forum.arkivverket.no/topic/172009-kirsti-gulbrandsdotter-frå-kroken-i-hafslo-fødd-kring-1745-gift-i-årdal-1767-med-johannes-larsson-kven-var-dei/?tab=comments#comment-1471054 * https://forum.arkivverket.no/topic/200065-gulbrand-stenen-husmann-under-kroken-i-hafslo-1762-kven-var-han/?tab=comments#comment-1690651 1762 budde det ein husmann Gulbrand NN på plassen i Stein under Kroken ytre i Hafslo. Han hadde buande hjå seg kona (ikkje namngjevi) og ei dotter Kirsti, fødd for 1750. Ein Gulbrand Dahlen (Kinserdalen?) vart gravlagd i Hafslo 15.3.1774, 70 år gamal - truleg same mann Eg har no gjort ein grundig analyse av fødselsregisteri hjå FamilySearch, og me finn følgjande born av Gulbrand fødde i indre Sogn 1730-1760: * Gulbrand Jensson og Siri Skaksdotter (budde på Kaupanger): *** John - døypt Kaupanger 17.6.1731 *** Bertha - døypt Kaupanger 27.10.1733 * Gulbrand Olson og Ragnhild Andersdotter (vigde Kaupanger 1.11.1732) (budde i Hola under Sogndal prestegard på Kaupanger): *** Agatha - døypt Kaupanger 5.11.1735 - gift Kaupanger 23.4.1759 med Johannes Ingebrigtson *** Kirsti - døypt Kaupanger 2.3.1738 - gift to gongar i Årdal * Gulbrand Hansson og Gunnhild Jacobsdotter (budde på Loftesnes i Sogndal): *** Ole - døypt Sogndal 25.12.1735 *** Ole - døypt Sogndal 7.4.1737 *** Bertha - døypt Sogndal 13.3.1740 * Gulbrand Hansson og Malena Torgersdotter (vigde Lærdal 3.9.1724): *** Ingeborg - døypt Lærdal 6.4.1733 *** Torger - døypt Lærdal 15.3.1738 * Gulbrand Olson Yttre Offerdal og Rannei Monsdotter: *** Cecilia - døypt Sogndal 3.9.1747 - fødd på Nestangen i Stedje sokn *** Maria - døypt Lærdal 4.5.1749 *** Ole - døypt Lærdal 2.1.1752 *** Mons - døypt Lærdal 14.12.1755 * Gulbrand Olson Wee og Synneva Thoresdotter (vigde Lærdal 20.11.1747) (budde på Åbølle i Årdal): *** Ole - døypt Lærdal 17.4.1751 *** Kari - døypt Lærdal 30.12.1753 *** Ingeborg - døypt Lærdal 28.8.1756 *** Thore - døypt Lærdal 16.7.1759 * Gulbrand Aslakson og Kari Olsdotter (vigde Lærdal 12.11.1758) (budde i Årdal): *** Ingeborg - døypt Lærdal 2.7.1758 *** Gro - døypt Lærdal 30.12.1759 Det er berre EIN EINASTE av desse huslydane som høver med Gulbrand i Stein under Kroken og sidan i Kinserdalen, og det er huslyden som eg har utheva ovanfor. Denne Gulbrand Olson vart døypt på Kaupanger i Sogndal 29.2.1702 som son av gardbrukar Ole Andersson på Haustaker (1674-1740) og Kirsti Gulbrandsdotter frå Hovland (1669-1733). Gulbrand må ha gift seg i Sogndal mellom 1741 og 1747 (då kyrkjebøkene manglar) med Rannei Monsdotter, og dotteri Kirsti, nemnd 1762, må vera fødd kring 1745. Dei flytte til Stein kring 1757, eit tidspunkt som høver «perfekt» med fødselsrekka ovanfor! So finn me følgjande skifte etter husmann Mons på Nestangen i Sogndal frå 1742: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000127072 Her kjem det fram at enkja hans var Ceceilia Clausdotter, truleg med opphav frå Bjørgen under Årøy i Sogndal, og einaste dotteri Rannei var 26 år gamal!! Utfordringane som no står att å løysa, er følgjande: ** Kven var husmann Mons på Nestangen under Nes i Sogndal? ** Kvar vart det av Rannei Monsdotter? ** Kvar vart det av borni i denne huslyden? Eg kan ikkje sjå at nokon av dei vart konfirmerte eller sidan budde i Hafslo! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive