Brørne Daniel og Hans Anderssøner frå Hæri i Luster utvandra til Kansas og gifte seg med to svenske søstrer:
* Amanda Christine Cedergren, fødd i Högsby i Kalmar län 7.7.1861
* Selma Cecelia Othelia Marie Cedergren, fødd i Högsby i Kalmar län 3.5.1863
Fødestaden deira i Sverige er oppgjeven av etterkomarar i Amerika, som òg oppgjev namni til foreldri som:
** Erik Carlsson Cedergren, fødd i Morlunda, Kalmar län 1.4.1831 og d. i Sverige 24.9.1910
** Anna Sophie Petersdotter, fødd i Högsby, Kalmar län 6.6.1834 og d. i Sverige 3.5.1919
Er det mogeleg å få sjekka:
*** Rette namn, fødestadar og fødselsdatoar på døtrene?
*** Utvandringsåri til døtrene?
*** Fulle namn, bustad og yrke på foreldri samt rette «opphav»?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!