I samband med følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/225230-ingeborg-rasmusdotter-frå-hafslo-barnemor-i-gulen-1823-flytte-ho-til-bergen/
er det dukka opp eit spørsmål om ein fyrvoktar, Lars Nilsson Haasted, fødd i Flekkefjord 25.6.1834. Han var framleis so seint som i 1875 styrmann og budde i Bergen:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295000639
men i 1900 er han nemnd som tidlegare fyrvoktar og enkjemann busett på Engesund i Fitjar:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037304000534
Eg er interessert i opplysningar om Lars Haasted, kva tid han vart fyrvoktar og kvar han då budde. Ogso er eg nysgjerrig på dødsfallet hans?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!