Eg har i lengre tid freista finna fleire opplysningar om denne jenta frå Stord:
Bjørg Frida Lindeflaten, dotter av Finn Haga på garden Haga på Stord, fødd der 25.11.1929.
Ho var gift med Sverre Lindeflaten (1935-1988), men dei vart skilde i 1968.
Eg har fått opplyst at Bjørg skal vera avlidi, rimelegvis på Stord, 3.12.2011, men finn ikkje namnet hennar korkje i den nye dødsfallsbasen på Digitalarkivet eller hjå DIS-Noreg! Eg kjenner ikkje til om ho gifte seg att.
Kan nokon hjelpa meg finna ei dødsannonse eller eventuelt andre opplysningar om Bjørg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!