Christen Andersson (Dahl), døypt i Hafslo 25.1.1761, gifte seg i Hafslo 1789 med Guri Olsdotter, døypt i Hafslo 28.12.1760 var husmannsfolk på Ekrene under Dvergedal i Sogndal, men i 1822 vart Guri sjuk og flytte til Bergen der ho døydde på «hospitalet» 29.11.1831. Lagnaden til Christen er usikker, men me trur han ogso flytte til Bergen??
Fem av dei åtte borni deira voks opp, og mellom dei var desse to sønene:
* Anders Christenson (Dahl), døypt i Sogndal 22.4.1796, vart i 1816 konfirmert i Bergen og var den gongen i lære hjå hattemakar Ole Andreas Brunfeldt i Bergen.
* Sjur Christenson (Dahl), døypt i Sogndal 8.11.1801, vart i 1820 konfirmert i Bergen og var den gongen i lære hjå hattemakar Johan Herweg i Bergen.
Etter den tid ser eg ikkje noko meir til nokon av desse to gutane, so no spekulerer eg svært på om nokon kan greia finna ut kvar det vart av dei?
Eg er ogso svært interessert i opplysningar om lagnaden til far deira og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!