Enka etter 1. ekteskap. Kven hadde ho vore gift med? Fekk ho ein unge, ei jente, i 1780?
006 Catterine Bryssel - 0023 Herløe Gaard - 004 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1801 for 1261P Manger prestegjeld - Digitalarkivet
Eg har ein mistanke om at Anna Dorothea Helene ikkje var dotter til Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter, men heller dotter til Catterine.
Sjå denne lenka: Anna Dorothea Helene - Ministerialbok for Manger prestegjeld 1759-1791 (1261P) - Digitalarkivet
Fadderane til Anna Dorothea Helene:
Mette Maria Falch, Adamine Margrethe Stokmann, Maren Magdalene Linde,
soknepresten Arnold Meyer og Andreas Hejberg.
Catterine (Katarina) er truleg dotter til Andreas Pettersson Brøssel (født 1748) og Kirsti Olsdotter Ålen på Flokenes.
Sjå bygdebok: Askvoll bygdebok. 3 : Folket : slektssoge for Førdefjord-området (nb.no)
Bygdeboka fortel at denne Katarina var født i 1759, og at ho er nevnt i eit skifte på Herland gard ved Bergen (Herland på Askøy?).
Korleis finne dette skiftet?