I Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. 507A04 /1816 – 1841 Område Møre og Romsdal fylke Herøy prgj. Herøy sokn https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630238 er det på side 15 notert fødsel og dåp av to born: Rasmus og Lars Benjamin. Det som eg ikkje finn ut av her er at begge desse borna tykkjest å ha same far, nemleg Rasmus Herløvsen Espeseth. Mor til Rasmus er Elisabeth Andersdatter Saunes frå Ulstein, og ho er nemnd som "pige". Faren er her nemnd som "u.k." (ungkar). Mor til Lars Benjamin er Anne Larsdatter Espedeth, og faren er her nemnd som gardbrukar.
Spørsmålet er om denne Rasmus Herløvsen Espeseth er same person, eller om det her er snakk om to forskjellinge personar med same namn?
Rasmus Herlaugson (Herløvsen) Espeseth finn eg i Herøyboka, bind 1, side 562 under garden Espeseth 1, gift med Anne Larsdatter Osnes frå Ulstein og med sonen Lars Benjamin f. 1820. Rasmus fekk bygslebrev på garden i 1820, og var nok gift rundt dei tider, men vigselen er ikkje å finne i kyrkjebøkene for Herøy. Kanskje var dei gifte i Ulstein, sidan Anne, kona, var derifrå, men kyrkjebøkene for Ukstein frå før 1833 finst ikkje då dei brann opp då prestegarden i Dimnasund brende i 1833. Berre fødselsregistra er rekonstruerte så godt det let seg gjere. Det er såleis ikkje råd å finne ut om vigsla skjedde i Ulstein. I og med at far til Rasmus er nemnd ungkar og far til Lars Benjamin er gift, må Rasmus Herløvsen Espeseth ha gifta seg i løpet av månaden mellom fødselen til første og andre sonen, altså i august 1820.
Eg har ikkje funne noko som tilseier at det har vore to personar med namnet Rasmus Herløvsen Espeseth i det nemnde tidsromet. Men det kan sjølvsagt likevel ha eksistert to samnemnde personar der og då. at same person er far til to born fødde med ein månads mellomrom er vel også mogeleg, men ikkje særleg vanleg.
Er det nokon som veit noko om dette?