Dette er ein del av utfordringi kring Britha «Betsey» Torbjørnsdotter frå Nes i Luster (1838-1914), utvandra 1851 til Wisconsin. Då Betsey døydde i Fillmore Co., MN i 1914 heitte det om dei tre døtrene:
* Sophie Sanderson, fødd i Fillmore Co., MN 12.6.1856
* Elen «Alice» Sanderson, fødd i Fillmore Co., MN 16.12.1860
* Anna Gurina Sanderson, fødd i Fillmore Co., MN 25.1.1862
at dei var gifte med Mr. Appleyard in Seattle, WA, Mr. Arneson i Seattle, WA og Mr. Humble i Tacoma, WA, MEN me får ikkje vita kven som var gift med kven av dei, og eg har ingen fleire opplysningar om desse huslydane! Kan nokon please hjelpa meg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!