Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'husmannsætter'.
Fant 1 resultat
-
Det her er ei uppfylging til tråden som vart byrja av Per Reidar Bjørnerud Christiansen um husmannsætter i Romedal og omkverve. Mykje forvitneleg her. Men det er ei kjelda som ikkje er umrødd her, og det er DNA. Romedal er eit vandt prestegjeld, men det finst eit sokn som er verre, Eidsvoll, må vita. Um ein ser burt frå klokkerbøker frå 1860-talet, finst det ikkje kyrkjebøker fyre 1877. I Eidsvoll (med Hurdal og Fegring) hev me no i alt 85 Y-DNA-testar, og me hev stadfesta ein god del farslinor (au morslinor) som det med skriftlege kjeldor ikkje hadde vori råd å gjera. Det her kann vera ein veg å gå i Romedal au. Det ligg no i alt 23 Y-DNA-testar for Romedal på Noregsprosjektet https://gap.familytreedna.com/ydna-results-classic.aspx Det er viktig å vita at dette er kva dei ulike testarane hev lagt ut som eldste kjende forfar på den beine mannslina og at det kann vera rangt ættegransking. Dei aller fleste av desse linone er heller ikkje stadfesta med mottestar. Kitnummer 269132, 236826 og 562986 gjeng alle attende åt husmannen Lars Olsson Austadstua (ikring 1770-1809). Kitnummer 255794 gjeng attende åt Jens Larsson Li (ikring 1764-1820). Den høyrer til i I-P109. Kitnummer 187822 gjeng attende åt Nils Olsson Fjæstadstua (ikring 1741-1826). Den høyrer au til i I-P109, men hev ein nedstraums SNP (mutasjon) ved namn Y19790. Kitnummer 540967 gjeng attende åt Gudbrand Skytra (ikring 1558-1626). Den høyrer til i I-L22 med ein nedstraums SNP ved namn BY116301. Kitnummer 235774 og 218957 gjeng attende åt Jens Persson Preståsen (ikring 1761-1821). Den høyrer til i I-DF29 Kitnummer 249303 og 236832 stend med Romedal, men er opphaveleg ei line frå Kristiania. Kitnummer 237520 gjeng attende åt husmannen Trond Trondsson (1787-1831). Den høyrer til i haplohopen I-L1301. Kitnummer 235188 gjeng attende åt Simen Håkonsson Jønsberg (ikring 1550-1629). Den høyrer til i haplohopen I-L1301 med ein nedstraums SNP BY497. Kitnummer 540963 gjeng attende åt Embret Pålsson Mellombryn (ikring 1749-1835). Den høyrer til i haplohopen N-BY30478. Kitnummer 376131 gjeng attende åt Ola Jonsson Smedstad, fødd 1839. Den høyrer til i haplohopen R-L448 med ein nedstraums SNP som heiter YP384. Kitnummer 374050 gjeng attende åt Jon Eriksson Refsal (ikring 1666-1716). Den høyrer til i haplohopen R-L448. Kitnummer 424106 gjeng attende åt Ola Jørnsson Mågårdstua (ikring 1778-1839). Den høyrer til i haplohopen R-Z287. Kitnummer 385258 gjeng attende åt Jens Monsson Haraset, døydde 1740. Den høyrer au til i haplohopen R-Z287. Kitnummer 224143 gjeng attende åt Jens Jensson Austadstua (ikring 1753-91). Den høyrer til haplohopen R-M269 (au kalla R1b). Kitnummer 214688 gjeng attende åt Tomas Olsson (ikring 1743-1808). Den høyrer til i haplohopen R-M269 (au kalla R1b). Kitnummer MI17596 gjeng attende åt Jon Jonsson Busvolstua (1837-1916). Den høyrer at til i haplohopen R-M269 (au kalla R1b). Kitnummer 658850 gjeng attende åt Karsten Larsson Brunstad, fødd kring 1746. Den høyrer til i haplohopen R-M269 og underhopen U106. Kitnummer 772947 gjeng attende åt Knut Larsson Domstad (ikring 1656-1727). Den høyrer til i haplohopen R-M269 og truleg underhopen U106. Kitnummer 329123 gjeng attende åt Jens Jensson (1791-1866). Den høyrer til i haplohopen R-M269 og underhopen U106. Som ein kann sjå av dette oversynet er Trond Trondsson din husmann i Romedal Per Reidar. Her er det ikkje gjort noko stadfesting av lina, men testaren høyrer til i den svært vanlege haplohopen I-M253 (tidlegare kalla I1). Underhopen er truleg L1301 som au er svært vanleg. På 67-markørar er det 15 treff, og næraste hev 5 i genetisk avvik. Treffpersonane hev svenske og finske forfedre, men næraste felles forfar ligg truleg langt bak i tid. Mitt råd her ville vera å sjå um det finst ei mannsline etter Johannes Trondsson eller um det fins noko lenger bak. Hadde Trond Jonasson brør? Y-DNA handlar um farskap og ein må difor hava minst tvo mannslinor å testa mot einannan. DNA-testing må sest som ein form for dugnad. Jo fleir som testar seg, jo meir vil me alle få vita.
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive