Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'jens'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Oluf Nilsson Vereide og Malene Hansdatter hadde ei dotter med namnet Karen, som skal ha vore gift med Jens d.y. Rasmusson Tonning. Detter er vel kanskje ikkje så heilt sikkert, og når dei kan ha vore gifte er vel heller ikkje så klart. Ifølgje det eg ha lese meg til i forumet vart Jens bøtelagt i ei "leiermålssak" i 1658: https://forum.arkivverket.no/topic/171531-malene-hansdtr-vereide-veit-vi-kven-ho-er/?page=4 Jens d.y. Rasmusson Tonning vart fødd på Tonning i Stryn ikring 1618. Han var son til Rasmus Salomonson Tonning og Johanne Jensdatter Vik. Han måtte i 1658 betale ei bot på 2 riksdalar for å ha "besovet et kvinnfolk": "Fougden Haffuer steffnet wnge Jens Thonig for nogle Bøder hand thilforne waar thildømt formedelst hand et quindfolck haffde besoffuit, och den thid hender eij at wilde ecte,formedelst at det er i mod hans Moders willie, Men nu her for Retten Anloffuer bete quindfolck att will ecte och derfore haffuer nu wdsatt sine Bøder nemlig 2 Rdlr j ortt." Navnet på jenta her er Synneve Andersdatter. Jens gifte seg vel likevel med denne jenta, sjølv om mora var imot det. Han var då ca. 40 år gammal. Om han skal ha vore gift med Karen Olsdatter Vereide, må det ha vore mykje seinare, eller tidlegare. Aaland i si bygdebok for Stryn http://www.nb.no/nbsok/nb/33fa3648e6b42aa06744d8edb785e446?index=8#289 skriv at dei to var gifte, men eg veit ikkje kvar han har kjeldene sine frå: Karen Olsdatter. Født ca. 1635, Ytre Vereide 1 Akslonbruket, Gloppen. Truleg gift 1. gang med Peder Jensson Rake og 2. gong med Jens d.y. Rasmusson Tonning. Dette siste ekteskapet må ha vore inngått ei tid etter 1658, for det året vart Jens bøtelagt for leiermål med ei Synnøve Andersdatter og gifte seg med henne. Når ho døde er usikkert, men at ho var mor til borna hans er nok nokså sikkert, for Karen Vereide var fødd rundt 1600, og var alt i 1658 for gammal til å få barn. Ho skal ha vore gift med Peder Jensson Rakhe, son til kapellanen i Innvik, Jens Søfrensen Rakhe. Med han hadde ho visstnok sonen Arne Pederson busett på Bø, f. rundt 1624. I ein debatt på forum for 2014 står det vidare om Karen i innlegg 157 og 158: https://forum.arkivverket.no/topic/190711-skifte-etter-lagmann-jørgen-philipson-i-16967-arv-etter-han-på-tonning-i-stryn-korleis/?page=7 Ad Jens Tonning har jeg notert at han var gift med Karen Olsdatter fra Ytre Vereide. Desverre har jeg bare bygdeboka for Gloppen og Breim som kilde. Jeg antar dette må være Jens den unge. Denne Karen var datter til Oluf Nilsen Vereide. Malene, enka etter Oluf Nilsen ble i følge bygdeboka gift med Bernt Jensen (Balchen). I bygdeboka er også nevnt gården Maråk i Geiranger og en Laurits Sylfestson gift med Eufemia, søster til Oluf Nilsen. At det har vore noko mellom Karen Olsdtr og Jens Tonning veit vi frå saka frå 1659 der det er strid om kven som har sagt kva. Eg har så langt ikkje tolka dette som at dei blei gifte, men det kan hende det kjem fram seinare. Eg skal legge lenke til denne saka om ei stund. Så vil eg be deg Kjell Fredly om å gå tilbake til ditt innlegg 39 - dei to siste dokumenta du nemner der les eg ikkje godt nok. Og I innlegg 60 nemner du ei leiermålssak på Jens - kva Jens trur vi dette er, og står det namn på jenta? Vi har vel litt seinare funne at han slap bøtene fordi han lova å ekte jenta, men dette finn eg ikkje att akkurat no. Om vi tenkjer oss at Karen vart fødd rundt 1635, kan ho vel vanskeleg vere gift med Jens Tonning før han gifte seg i 1658 med Synneve Andersdatter. Men det kan vel tenkjast at ho døde tidleg eller at dei likevel ikkje vart gifte. Men kva då med Peder Jensson Rake, som Karen også skal ha vore gift med? Han skal vere fødd rundt 1618 og var i så fall ein del eldre enn Karen. http://www.nb.no/nbsok/nb/ee2753c649e083abc8110b94753d9f3e.nbdigital?lang=no#547 Aaland skriv at han var gift med ei Marte og truleg hadde sonen Jens Krabbe på Marsaa. Det har vore sagt at han også skal ha hatt sonen Arne Pedersen Bø, men han var fødd ikring 1624, så det er nokså umogeleg både at han hadde Peder Rake til far og Karen Vereide til mor. Så då er spørsmålet: Kven var Arne Pederson Bø og hadde han nokon ættesorbindelse med Peder Rake eller Karen Vereide?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.