For litt sidan kom eg over ei forvitneleg sak som eg i utgangspunktet set store spørsmålstein ved. Det gjeld Maren Rasmusdatter Muri, fødd i 1769 og Johan Jakob Krohn fødd i 1766, begge døypte i Innvik av presten Ludolph Krohn. Av ein eller annan grunn som eg ikkje veit, har desse to blitt kopla saman og skal i fylgje nokre Geni-innføringar eg har kome over vere gifte og foreldre til ein Frederik Christoffer Krohn, kjent dansk bilethoggar og medaljør, og besteforeldre til barnebokforfattaren Johan Jakob Krohn, som har skrive den kjende julesongen: Du grønne glitrende tre. Dei skal også vere besteforeldre til den kjende danske grafikaren Pietro Købke Krohn.
Ifølgje Wikipedia var Ludolph Krohn residerande kapellan i Innvik 1763 - 72. Han hadde sonen Johan Jakob Krohn f. 1766, men det står ikkje der at han var gift med Maren Rasmusdatter. Johan Krohn skal derimot vere gift med ei Anne Marie Selmer. Han skal vere far til Peder Anker Krohn og skal m.a. ha leidd arbeidet med den nye kongevegen mellom Christiania og Bergen.
Såvidt eg forstår må det her vere "ugler i mosen". Er det nokon som veit noko om dette? Kven var Maren Rasmusdatter Muri gift med? Om eg trur rett var det ikkje med Johan Jakob Krohn.
Dette skal vere bilete av Maren Rasmusdatter krohn: http://www.kb.dk/images/billed/2010/okt/billeder/object463444/da/
Her er Geni-oppføringa om Maren: https://www.geni.com/people/Maren-Rasmusdatter-adopteret-Nielsen/6000000014030625915
Her er Wikipediaoppslaget om Johan Jakob Krohn: https://no.wikipedia.org/wiki/Johan_Jørgen_Krohn_(offiser)