Eg stussar svært over eit namn som eg finn i ei tingbok frå indre Sogn (Hafslo 1663) og lurer på om andre har noki formeining om dette namnet? Ogso meiner eg at personen er «forsynt» med eit gardsnamn som eg har vanskar med å tyda...
Eg syner til den åttande siste linje på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/28558/10
Her står det tydeleg Brite JOPSDATTER, men eg har ein mistanke om at det skal vera Josephsdotter, for namnet Jop eller Job er sovidt eg veit heilt ukjent i Noreg på 1600-talet?
Og neste linje ser for meg ut til å starta med gardsnamnet SEMB (dåverande stavemåte av Seim!), ein nabogard i Årdal prestegjeld der mannsnamnet Joseph dukkar opp sist på 1600-talet.
Er det nokon som har ei formeining om desse namni?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
PS: Teksten i dette avsnittet er òg drøfta her: https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-frå-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/