Hei -
Eg finn ikkje att eit par forfedre som truleg er fødde mellom 1760 og 1790 i Stavanger (Stavanger står i kyrkjebøkene ved konfirmasjon og giftemål i Sola). Me er ganske mange som stoppar ved desse bakover i tid på MyHeritage, og det hadde vore fint å finna dette ut.
Spørsmåla er - kva kjelder fins for perioden i området? Kan dei vera fødde andre stader og flytta til Stavanger og deretter til Sola? Kor flytta folk vanlegvis frå til Stavanger i denne perioden?
Kan det tenkjast at dåp på desse ikkje er registrert? - reknar med at dåp var påkrevd ved konfirmasjon? Kva viss dei var ekstremt fattige, er dei ikkje registrerte då? Fins alle kyrkjebøkene frå perioden intakte?
Summa summarum lurer eg på om eg må gi opp eller om det er andre kjelder.
Eg klarer ikkje heilt å få oversikt over sokna og kyrkjene, har ikkje skrive ned kva eg har sjekka, men tenkjer no å gå litt meir systematisk til verks viss eg skal bruka meir tid på det. Eg tek gjerne turen til Ullandhaug dersom det er kjelder der som ikkje ligg i digitalarkivet.
Eg er svært takksam for all mogleg hjelp.
Helsing Guri Mæland