Eg er på leit etter gjestelister/protokollar, bordplasseringslister og liknande frå kongehuset på 1800-talet. Eg veit at det svenske Riksarkivet har sånn type informasjon frå det tidsrommet, men berre frå aktivitetar i Sverige. Eg har sett gjennom hierarkiet hos Arkivverket utan å finne noko som går særskilt på dette. Eg har også vore i kontakt med arkivet på slottet som ikkje har noko frå den tida.
Grunnen til at eg er ute etter dette er for å finne ut om ein person som blei invitert dit fleire gongar faktisk var der. Er det nokon som kjenner til om det finst sånn type informasjon og eventuelt kva det ligg under?