Ifølgje eit family tree hjå ancestry.com
https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/54382767/person/152061453909/facts
skal Carolena Charlotte Carlson vera fødd i Kvibille, Hallands län i Sverige 6.12.1864 av foreldri
Karl Magnus Johannesson og Bengta Andersdotter.
Carolena skal ha utvandra til Amerika kring 1891 og gifte seg i Los Angeles, CA 23.9.1899 med Charles M. Johnson frå Bergen, omskriven i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/236795-kari-olsdotter-eide-1832-1896-frå-luster-til-bergen-og-gift-med-john-johnsen-frå-nordfjord-1831-1886-kvar-vart-det-av-alle-sønene-deira-new-york/
Ein kan diverre ikk,je alltid stola på utsegnene til family trees hjå ancestry.com, sjølv om dette treet ser truverdig ut.
Er det mogeleg å sjekka desse opplysningane mot originalkjelder i Sverige, d.v.s.:
* Fullt namn på Carolena?
* Dato og stad for fødsli hennar?
* Utvandringsåret hennar?
* Fulle namn på foreldri hennar med bustad, yrke til far og opphav til båe?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!