Eg syner til følgjande dåp på Kongsberg:
* Peder, fødd 1.4.1823 og døypt 19.5.1823 av foreldri sal. Abraham Pederson Laugerud og kona Anna Kirstine Jacobsdotter Hypker(?):
https://media.digitalarkivet.no/view/1097/66
* Vigsli til foreldri finn eg på Kongsberg 20.4.1816:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001488498
* Abraham, døypt på Kongsberg 2.7.1791 av far Peder Jacobson Laugrud må vel vera brudgomen:
https://media.digitalarkivet.no/view/8573/134
* Anne Christine, døypt på Kongsberg 23.6.1787 av far Jacob Otterson Hepken må vel vera bruri:
https://media.digitalarkivet.no/view/8573/68
~~~~~
* Peder Abrahamson, 31, snikkarsvein på Bragernes, fødd på Kongsberg, gifte seg i Skoger 12.4.1854 med Larine Olsdotter, 27, fødd i Lier:
https://media.digitalarkivet.no/view/1134/251
Kort deretter må dei ha utvandra til Decorah, IA der me finn fleire born fødde:
** Andreas Abrahamson, fødd Winneshiek Co., IA 6.1.1856
** Konrad Abrahamson, fødd Winneshiek Co., IA 2.10.1857
** Oscar Martinius Abrahamson, fødd Winneshiek Co., IA 20.3.1860
** Charlotte Amalie Abrahamson, fødd i Winneshiek Co., IA 3.10.1862
~~~~~
Er det nokon med ekspertise på Kongsberg som kan fortelja meg følgjande:
** Har eg finne dei rette foreldri til Peder Abrahamson (Laugrud), og kva er i so fall «rett» ættenamn må mori, Hepken eller Hypker?
** Kva år utvandra Peder Abrahamson og Larine Olsdotter til Amerika?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!