Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter sokneprest Jens Jensson Lemvig til Oppdal (1729-1792) - jmf. manuskript frå Gards- og Ættesoga for Luster - band II:
Jens Jensson Lemvig, f. i Klæbu ?.6.1729, d. i Oppdal 6.2.1792. Jens gifte seg første gongen 15.1.1756 med Anna Bugge Knutsdotter Lem frå Trondheim. Ho var f. 2.9.1734, men d. i Oppdal alt 3.6.1773. Jens gifte seg so att 20.4.1774 med Rebekka Juliane Johansdotter Hammond, f. kring 1747. Ho d. i Oppdal 27.9.1792. Jens Lemvig var fleire år kapellan i Stjørdalen, men vart 8.7.1763 utnemnd som sokneprest til Oppdal, og der vart han altso buande levetidi ut. Han fekk i alt ti born; ein son var frå første ekteskapet, medan Rebekka vart mor til dei ni yngste.
Knut Lemvig i Oppdal 1801 er nok eitt av dei ti borni: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058441002029
Er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!