Hilmar Martin Sæther, fødd i Tana 29.12.1876
gifte seg 1ste gongen i Namsos 12.8.1900 med Anna Birgitte Myhr frå Overhalla, som døydde i Namsos 16.9.1901
Men alt før 1904 var Hilmar attgift med Olivia Edvarda Liaunet, fødd i Namsos 7.11.1881, og dei fekk ein «ektefødd son»:
Oskar Hjalmar, fødd i Namsos 28.8.1904: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009385377
Men eg er ikkje i stand til å finna vigsli til Hilmar og Olivia!? Kan nokon please hjelpa meg?
Dei vart forresten sidan skilde; kan dette skilsmålet sidan dukka opp i eit avisoppslag?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!