Då eg tidleg på 1980-talet freista samla opplysningar om ættene som flytte mellom ulike landsdelar innanfor Noreg, stod eg, på grunn av utilgjengelege og delvis manglande kjelder, ofte «bom fast». I dag har tilhøvi endra seg, og no har eg i alle fall delvis greidd å oppspora huslyden til den første landhandlaren som busette seg på Skjolden i Luster for ganske nøyaktig 200 år sidan.
Kanskje vil det vera formålstenleg å dela opp denne huslyden i fleire emne, men for oversynet sin del vil eg gjerne i første omgongen få syna fram eit samla bilete av Kramer-ætti, som ho no ser ut:
~~~~~~~~~~~~~~~ (NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av (to) nye i innlegg #28 på neste side!
Dei to stesønene til Ludolf, Ole Martin Lidal og Gjert Manasse Lidal, synest vera spesielt «vanskelege», men kansklje ligg svari rett framfor nasi mi utan at eg ser dei...?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!