I fjor vår hadde eg vanskar med å «konvertera» manuskripti mine til Word 10 etter at Microsoft børja krevja lisens elkkler brukaravgift (€ 69,90) for eit år.
Systemet har «halta» hjå meg i fleire månadar, men etter dei siste oppdateringane er det definitivt slutt. Eg kjem ikkje lenger inn i Word-filane anna enn for lesing og kan ikkje få redigert dei eller lagt til nye opplysningar!
Eg får beskjed om å «update», men til tross for at betalingsopplysningar ligg i min Appel-ID, får eg ikkje gjennomført handelen!!
Er det andre som har møtt same problem og som eventuelt kan ha ei løysing på dette?
Eg er elles frista til å ta i bruk eit anna teksthandsamingsprogram for å unngå dette, men får vel då vanskar med konvertering?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!