Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan riktig å vita korleis eg skal «gripa ho an»
Eg syner til dette dødsfallet registrert i West Prairie Hauge kyrkja som ligg ved West Prairie på grensa mellom Vernon og Crawford Cos., WI:
Mrs. Krestine Loland, døydde 28.12.1894, alder 33 år og 11 dagar, død av tuberkulose
https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314963-00045?pid=1647077&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D1647077%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D2544&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=41742_314963-00060
På same kyrkjebokside finn me òg dødsfallet til bror hennar, Christian Anderson, døydde 28.6.1902, 31½ år gamal.
På kyrkjegarden finn me so gravlagde under same støtte:
Christine Loland: https://www.findagrave.com/memorial/82814838
Christian Loland: https://www.findagrave.com/memorial/82814854
Dødsdatoen til Christian Loland er oppgjeven på støtta til 27.6.1902, med alder 31 år, men desse var altso ikkje mann og kone, slik find-a-grave hevder.
Christine var fødd i Wisconsin, usikkert kvar, 17.12.1861 som «uekte» dotter av Gunnhild Jørgensdotter Aarstu frå Luster (1835-1909) som utvandra i 1861.
Christian var fødd i Crawford Co., WI 17.10.1871 av same Gunnhild som i mellomtidi hadde gift seg med Andrew C(hristenson) Anderson frå Luster (1843-1907).
FT1900 syner at Christian Anderson då i lag med ein yngre bror Elek dreiv «saloon» i La Crosse, WI:
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QJ9-Y3X
Den store utfordringi her er følgjande:
** Kven var Krestine Loland gift med, kvar budde dei, og hadde dei born?
Det er langt frå sikkert at dei budde i Crawford Co., WI. Krestine hadde på den tidi fleire (halv-)søsken i North Dakota, og ogso ei faster var gift og budde i Fargo, ND. Til det kjem det at Loland-namnet er ganske so ukjent i Vernon og Crawford Cos., WI! Det var på den tidi heller ikkje uvanleg at unge personar som døydde eit stykke unna, ogso om dei var gifte, vart henta heim for å verta gravlagde nær heimen, særleg om foreldri framleis levde, slik tilfellet var her!
Eg ville sett stor pris på om nokon greier å løysa denne kjempeutfordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!