Hei!
I samband med arbeidet med Fjell bygdebok er eg på jakt etter arkivmateriale etter fråhaldslosjen Vaarbud i Fjell kommune i Hordaland. I arkivkatalogen "Katalog over foreningsarkiv innen avholdsbevegelsen" utgitt av Norsk privatarkivinstitutt i 1985, er arkivet (som berre inneheld ein forhandlingsprotokoll, 1919-21), nemnt som arkiv nr. 690 på side 152. Under "Oppbevaring" er det oppgitt "Privat, transit". Ifølge rettleiinga til katalogen tyder dette at arkivet var oppbevart privat, men var i ferd med å bli overført til ein arkivinstitusjon.
Mitt spørsmål er: Veit de kor dette arkivet (forhandlingsprotokollen) vert oppbevart i dag, eventuelt kor det vart oppbevart i 1985?
Venleg helsing
Halvor Skurtveit