Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'lustet'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Denne personen har eg, til tross for over 40 års leiting, aldri greidd å finna opphavet til. Nils Johnson - husmann i Kalvedalen under garden Drægni i Fortun sokn. Han dukkar opp første gongen som konfirmant i 1790, då busett på Eide i Fortun sokn, men utan oppgjeven alder: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458123 Han gifte seg i Luster 26.10.1797, då busett på Stegene (Fuglesteg) i Fortun sokn, med Ragnhild Gjertsdotter frå Ekrene under Yttri, døypt i Luster 22.1.1780 som dotter av husmann Gjert Johannesson og Susanna Simonsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/234 Då eldste dotteri Guri vart døypt 1.1.1798, budde dei på Ekrene hjå foreldri hennar: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/131 Då eldste sonen Gjert vart døypt 16.11.1800, var dei komne til Drægnishaugen (som Kalvedalen den gongen vart kalla): https://media.digitalarkivet.no/view/11589/139 FT1801 syner huslyden under Drægni, og alderen til Nils er 33 år, samstundes som kona Ragnhild er oppgjevi til 23 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398002290 Berre ein gong seinare får me oppgjeve ein alder på Nils, og det er ved dødsfallet hans 22.2.1833; då er han 62 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/138 Me er ganske so sikre på at Nils IKKJE er fødd i Luster. Då han i 1790 vart konfirmert frå Eide i Luster, veit me at garden Eide på den tidi hadde eit visst «innslag» av innflyttarar frå Gudbrandsdalen, og det var òg tilfelle på fleire andre gardar i Fortun sokn. Difor TRUR eg at Nils godt kan vera komen over Sognefjellet for å finna utkomme i Sogn! Ser me på barneflokken til dette parfolket, hadde dei i alt sju born med desse namni: * Guri 1797 * Gjert 1800 * John 1803 * Susanna 1806 * Britha 1811 * Johannes 1814 * Kari 1817 Når det gjeld dei tre siste namni, so veit me at morfar til Susanna heitte Johannes, og dei to bestemødrene hennar heitte Britha og Kari. MEN, namnelista synest elles ganske klart å antyda at foreldri til Nils heitte JOHN og GURI. So kva eg i første rekkje ville leitt etter, er ein Nils fødd kring 1770 med foreldri John og Guri! I Lom finn me ein Nils Johnson døypt på Vågesar 9.10.1768, men mori er ikkje namngjevi Dette er faktisk den EINASTE «kandidaten» eg finn, so då er spørsmålet: Kva heitte kona til John Vågesar?? Nils Johnson har svært mange etterkomarar både i Sogn og i Amerika, og det hadde vore kjempemoro om me endeleg etter so mange år skulle greia å finna ut kvar Nils kom ifrå! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.