I samband med følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/223658-christen-1863-og-christopher-1868-johannessøner-søvde-kleivi-frå-luster-til-amerika-på-1880-talet-truleg-til-chicago-il-men-sidan-vidare-til-minnesota-og-california-ei-svært-«mystisk»-utvandrarsoge/
er det dukka opp ei kjempeutfordring med å finna fødestaden og det norske opphavet til ei jente som kring 1892/1894 gifte seg i Amerika - truleg i Chicago, IL - med ein emigrant frå Luster i Sogn, Christen Johannesson Søvde alias Christian Sode. Eg legg ved dødsattesten hennar frå 19.2.1930 som syner namnet:
Mathilda Sode, fødd i «Mürsen» i Noreg 25.6.1870.
Far hennar er oppgjeven heita Johannes Nelson, medan mori er ukjend.
Om eg skal gissa på ein fødestad, kjem eg berre på to: MYSEN eller MOSJØEN... Nokon betre??
Enkjemannen oppgjev i 1930 at ho hadde vore 35 år i Amerika og like lenge i Chicago, IL. Eg trur ho må ha vore der noko lenger, men ulike kjelder gjev svært avvikande utvandringsår, ogso for ektemannen, fødd i Luster 17.4.1863 og utvandra i 1884!
I 1900 er Mathilda oppgjevi fødd i Noreg juli 1869, medan utvandringsåret manglar: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCR3-6X1
I 1910 heiter ho Helen, fødd i Noreg 1874 og utvandra 1875: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVZ-874
I 1920 heiter ho Ellen, fødd i Noreg 1871 og utvandra 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6H-CGH
Eg ville vorte kjempeglad om nokon greier å finna det norske opphavet til denne jenta og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!