Asbjørn Paul Maalø vart fødd den 17. mars 1908 på Storeide i Vanylven og døypt i Syvde kyrkje den 20. april 1908. Han var son til Johan Nikolai Mathias Ananaiassen Maalø og Anna Sofie Paulsdatter f. Storeide (Nordal).
Kjelde: Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/502/L0027: Klokkerbok nr. 502C01, 1878-1908, s. 103, innføring nr. 10 https://www.digitalarkivet.no/kb20070327630023
Familien flytte før 1910 til Ålesund, der dei budde i Fjeldvn.
Han var konfirmert i Ålesund 3. desember 1922.
Kjelde: Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/529/L0461: Ministerialbok nr. 529A11, 1914-1925, s. 177, innføring nr. 49 https://www.digitalarkivet.no/kb10051101281183
Asbjørn Paul reiste, berre 15 år gammal, den 21. mars 1923 frå Ålesund med kurs for Amerika, der han skulle møte onkelen Ansgar Nordal, som var farmar i Halliday, North Dakota.
Kjelde: Emigranter over Ålesund 1878-1930 https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000901915
Han reiste med Bergensfjord frå Bergen den 6. april og ankom Ellis Island i New York den 12. april 1923. I papira står det at han hadde 25 dollar i pengar og skulle vidare til Halliday, North Dakota. Det var der onkelen Ansgar Nordal hadde farmen sin. Kjelde: New York Passenger Arrival (Ellis Island), 1892-1924 Roll 3281, vol 7500-7502, 12 Apr 1923-15 Apr 1923
https://www.myheritage.no/research/collection-10512/ellis-island-og-andre-new-york-passasjerlister-1820-1957?action=showRecord&itemId=52462801-&indId=individual-288124741-1502345&s=288124741
Emigrasjonen til Amerika i 1923 er det siste eg har greidd å finne om Asbjørn Paul Johanson Maalø. Han vart etter alt å døme ikkje verande hos onkelen i Halliday, North Dakota så lenge, for han er ikkje registrert der ved folketeljinga i 1925. Om han oppheldt seg ein annan stad i USA eller hadde reist attende til Norge, er uvisst.
Spørsmålet er no: Kvar vart det av han, og finst det andre truverdige spor etter han i Amerika eller i Norge?
Kan Asbjørn Paul Måløy, fødd den 8. mai 1941, som i 1994-95 var ordførar i Ålesund for Arbeidarpartiet, vere son hans?