I BB til Aaland 2.3.1 er det ein person som synest å bu på og drive to gardar.
Det gjeld Mattis Andersson Lunde. Under Bergside-Lunde er ein Mattis Andersson brukar i 1690 av halve garden. Han er sagt å ha døydd 80 år gammal i 1745. Han åtte 21 merker smør løyst frå Tonningætta. Kona hans heiter Kari Jetmundsdatter. Dei har ein son Anders f. 1703 og død 1768, https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461792 , som tek over garden. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640513 Kona hans er Berte Rasmusdatter, d. 1763. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640510 Eg har ikkje funne skifte etter Anders eller Berte.
Den andre er Mattis Andersson Lunde, på Stryne-Lunde, Endrebruket, Ytre Lunde 2, også han død 1745, bygsla i 1700 bruket av Kristoffer Rustøynar og medervingar, skøyte 1709 på 9 merker smør med Absalon Finde. Broren Rasmus budde på Sunnmøre. Kona han var Kari Jetmundson (Rand). Han hadde sonen Anders, f. 1702 og død 1764, https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461584 , gift med Malene Jakobsdatter. Skifte 30. september 1764 https://media.digitalarkivet.no/view/24231/418
No er spørsmålet om Mattis Andersson Lunde og Mattis Andersson Ytre Lunde er same mannen. Det ser vitterleg slik ut. Dei døyr same året og begge er gifte med ei Kari Jetmundsdatter, og dei har begge ei son, Anders, som tek over kvar sin gard. Og hadde denne Mattis to søner med namnet Anders, fødde med eitt års mellomrom, den eldste brukar på Berge-Lunde og den andre på Endrebruket, Ytre Lunde 2.
Kan nokon hjelpe meg å finne ut av dette?