Eg søker informasjon om kva som skjedde med dei to syskena Palmelin og Kaja Berg Gjerdrum frå Våler i Solør som barn til Peder Christiansson Gjerdrum frå Sjurderud (1806-1883) og Kirsten Tørrisdotter Eig (1805-1874) som var brukarar på Negarden Jerdrum i Våler.
Både Palmelin og Kaja bur heime i 1865:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038044000629
Palmelin Pedersson Gjerdrum var fødd 16. juni 1844 i Våler:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070603290388
Han bur ikkje heime i 1875 og eg har ikkje funne ut kva som skjedde med han. Namnet Palmelin er sjeldan - han er aleine om det ved eit søk på Digitalarkivet. Det kan sjølvsagt ha blitt endra i Noreg eller ved eventuell utvandring til USA, men eg har ikkje funne nokon passande kandidat.
Kaja Berg Pedersdotter Gjerdrum var fødd 25. februar 1852 i Våler (nr. 20):
https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350387
Ho bur heime i 1875:
https://media.digitalarkivet.no/ft20101209640651
Ho fekk utflyttingsattest frå Våler til Amerika 15. mai 1878 (nr. 16):
https://media.digitalarkivet.no/kb20070126310013
I følgje migrasjonslistene var reisemålet New Lisbon:
https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000435418
Eg har ikkje klart å finne henne igjen i USA.
Er det nokon som har informasjon om kva som skjedde med dei to syskena - Kaja i USA og Palmelin i Noreg eller USA eller ein annan stad?