Eg har i lengre tid vore på leiting etter opphavet til denne svensken, som i 1893 gifte seg i Douglas Co., WI med ei jente med røter frå Luster i Sogn!
Her er vigsli deira frå 1.7.1893 (hans foreldre Magnus Magnusson og Inga Peterson): https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRL4-6SV
Her er parfolket i FT1900 frå Lake Co., MN (Eli og Marie MORGAN) - han utvandra 1886: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SS9-V5B
Her er parfolket i FT1910 frå Lake Co., MN (John A. og Marian MORGAN) - han utvandra 1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-62M
Her er parfolket i FT1920 frå Lake Co., MN (John A. og Marion A. D. MORGAN) - han utvandra 1884: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXR-CBR
Han døydde i Ely, MN 9.11.1924, og fødselsdatoen vert oppgjeven til 25.12.1873.
Kan nokon med kjennskap til svenske kjelder please hjelpa meg finna:
* Fullt døyptnamn til John A. Morgan?
* Dato og stad for fødsli hans?
* Korrekt utvandringsår?
* Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!