Frå Amerika er eg vorten presentert for følgjande utfordring:
Karen M. «Carrie» Myhre, oppgjeven fødd i Noreg 22.3.1871 og utvandra til Amerika i 1880 - rimelegvis med foreldri sine - døydde i Platte, SD 2.11.1934.
Ho skal ha gift seg i Minnesota kring 1896 med Ole Skorheim (1874-1941), men vigsli har eg ikkje so langt greidd å finna heller! Mannen var fødd i Lincoln Co., SD, men der gifte dei seg ikkje!
Det er ikkje mykje å gå på her, men kanskje nokon greier å identifisera ho likevel:
** Fullt norsk namn?
** Dato og stad for fødsli hennar?
** Utvandringsåret?
** Fulle namn å foreldri hennar med yrke, bustad og opphavi deira?
** Dato og stad for vigsli til Karen «Carrie» Myhre og Ole Skorheim?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!