Hei,
Eg er på jakt etter informasjon om ektefelle og dødsfall til Asta Olava Bækkevold som var fødd 3. oktober 1875 i Våler i Solør som dotter til Ole A. Bækkevold og Oline P. Ruud.
I 1900 bur ho i Brandval som tenestejente på garden Østre Lystad:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037059001813
Her var også Halvor Eriksen Mellum i teneste og dei fekk ein gut saman i 1902 (nr. 462):
https://media.digitalarkivet.no/kb20050829030674
Ho bur i 1910 i Oslo og er stadig ugift:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392099617
Men da sonen blir konfirmert i Elverum (han voks opp hjå tanta) i 1917 er det nemnt at mora er gift Torgersen (eller står det Torgeirsson/ Torjussen?), jf. konfirmant nr. 27:
https://media.digitalarkivet.no/kb20050829030674
Eg har ikkje funne ut når og med kven ho gifta seg eller når ho døydde. Eg finn ikkje nokon passande kandidat i adressebok for Oslo kring 1917 eller i den kommunale folketeljinga i 1923.
Er det nokon som har tips?