Under arbeidet med følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/267606-nils-johannessen-tømmermann-og-matros-og-kirstine-marie-nilsdotter-vigde-1786-og-busette-i-nykyrkjesokni-i-bergen-kven-var-dei-kvar-er-huslyden-i-1801-og-seinare/
oppdaga eg at dei borni i denne huslyden som var fødde på 1780- og 1790-talet og alle døypte i Nykyrkja i Bergen, ikkje er å sjå i «Avansert personsøk»!
Desse fødslene er jo databaseregistrerte på Statsarkivet i Bergen so kvifor manglar dei? Eller er det kanskje eg som nyttar feil parametrar for å leita?
Kanskje manglar det ogso andre basar som me treng for å gjera «Avansert personsøk»?
Eg takkar so mykje på førehand for kommentarar!