Eg har fått eit DNA treff på morslinja mi, son eg kan føra attende til Søndre Lasnd på 1600-talet, og «treffet» ættar frå dette paret som gifte seg i Land 3.6.1841:
Thomas Johanson (p. J. Thomasson) Kronborgeiget (22) og Maren Andersdotter (p. A. Larsson) Aadnæs (21): https://media.digitalarkivet.no/view/9359/219
Eldste dotteri deira, Inge Mathea, var fødd i Aadneseiget, Fluberg sokn i Land 13.7.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/9359/90
Her er Maren Andersdotter som fråskild på Øygarden i Land, fødd i Land 1817: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0536&kenr=006&bnr=0214&lnr=000
Thomas Johanson er fødd 7.4.1819 og døypt 10.4.1819 i Fluberg sokn av Johan Thomasson Nordre Sedahl, husmannsfolk - noko som stemmer perfekt med opplysningane frå vigsli!
MEN eg finn ingen Maren Andersdotter korkje i fødselslistene eller konfirmantlistene for Land fødd kring 1820 med far Anders Larsson, sjølv om FT1865 og 1875 påstår ho er fødd i Land - i 1875 står det sogar fødestad Østsinni sokn: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0536&kenr=001&bnr=0533&lnr=00
GENI har Maren som fødd i Land 26.12.1816 og døypt i Gaarder sokn 5.1.1817, men denne har Anders OLSON som far: https://media.digitalarkivet.no/view/9356/20
So då er spørsmålet:
** Har bygdeboki noio å seia om opphavet til Maren Andersdotter Aadnes??
Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!