Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'offerdal'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg ønskjer i kveld å henta fram ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men som eg først no med tilgong på «moderne hjelpemiddel» har voren i stand til å utgreia meir eller mindre fullstendig. Dette er ætti til den katolske biskopen Olav Offerdahl (1857-1930)! Eg står no i hovudsak fast på to saker: ** Opphavet til Ole Johnson Offerdahl frå Rinde i Feios og foreldri hans? ** Lagnaden til yngste dotteri Aaste Olsdotter Offerdahl, fødd i Årdal 1835? Her følgjer eit oppdatert manuskript med utgongspunkt i andre kona til Ole Offerdahl, Sophia Ingebrigtsdotter frå Sande i Luster 1799-1850): ~~~~~~~~~~~~~~ Sophia Ingebrigtsdotter {Sande}, døypt {i Luster} 13.3.1799, Sophia Ingebrigtsdotter flytte 1822 til Leikanger, og der gifte ho seg 5.1.1823 med enkjemannen Ole Johnson frå Rinde i Feios, Leikanger. Han var son av ##### (yrkestitel? – John kalla innerst 1801!) John Erikson på Rinde og kona Synneva Olsdotter frå Bergeim ##### (sjekka opphavet hennar?) og vart døypt i Leikanger 2.2.1793. Han gifte seg første gongen i Leikanger 24.6.1817 med Randi Olsdotter, òg frå Rinde. Ho var dotter av gardbrukar Ole Sjurson på Rinde, og andre kona Gjertrud Endresdotter frå Nokken i Vik, ##### (sjekka opphavet hennar?) og vart døypt i Leikanger 24.6.1785. Men Randi vart gravlagd frå Rinde alt 16.11.1817. Sophia og Ole budde nokre år som plassfolk på ein plass ##### (kva for ein plass?) under Rinde i Feios, men flytte kring 1827 flytte til Årdal, der me finn dei att som husmannsfolk på Grønehaugen under Offerdalen. Ole Johnson var jekteskipper og d. av kolera på sjukehuset i Bergen 5.3.1836, medan Sophia d. som husmannskone i Offerdalen 29.10.1850. Ole Johnson fekk i alt sju born, eitt frå første ekteskapet og seks frå det andre: a. Ole Olson, døypt i Leikanger 10.8.1817, vart spedalsk og d. ugift på St. Jørgens hospital i Bergen 21.11.1837. b. Randi Olsdotter, f. i Leikanger 12.6.1823, d. på Hovland i Årdal 6.10.1911. Ho gifte seg i Årdal 19.5.1844 med Baard Svendson frå Resnes under Tangen i Årdal, f. i Borgund, Lærdal 17.8.1817. Han d. som husmann på Tangen i Årdal 16.6.1870. Randi og Baard tok over som husmannsfolk på heimeplassen hans på Resnes under Tangen i Årdal og fekk ti born i lag. c. Christi Olsdotter, f. i Leikanger 3.9.1825, d. under opphald på Høyeim i Luster 19.4.1909. Christi gifte seg i Årdal 30.5.1858 med Thomas Helgeson frå Naustehagen under Ve i Årdal, f. i Årdal 14.9.1826. Han d. som husmann i Offerda­len 31.3.1877. Christi og Thomas var husmannsfolk på Kleivi under Offerdalen i Årdal og fekk seks born i lag {mellom anna biskop Olav Offerdahl 1857-1930}. d. Iver Olson Offerdahl, f. i Årdal 24.2.1828, d. som smed på Alvøen, Askøy 18.3.1879. Iver flytte i 1849 til Alverstraumen i Alversund og gifte seg der 16.5.1858 med Johanna Knutsdotter frå Fosse indre i Alversund, f. i Alversund 8.6.1835. Iver Offerdahl var smedsvein og sidan smed, og han og Johanna bude på Haugen, Alvøen i dåverande Askøy. Som enkje utvandra Johanna Offerdahl i 1886 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Ho budde sidan òg ei tid i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte etter hundreårsskiftet til Seattle, Wash. der ho d. 25.1.1908. Dei fekk åtte born i lag. ##### (borni deira: * Olaf, f. Alvøen 28.11.1858 – n. 1865/1875 – til Amerika 1884 * Emilie Sofie «Mella», f. Hosanger 7.4.1861 – n. 1865/1875 – til Amerika 1884 * Johanne Margrethe «Grethe», f. Alvøen 19.2.1864 – n. 1865/1875 – til Amerika 1886 * Karen Serenne, f. Alvøen 11.1.1866, d. kort etter * Kristoffer, f. Alvøen 17.6.1867 – n. 1875 – til Amerika 1886 * Johanne Berntine, f. Alvøen 25.10.1869 – n. 1875 – til Ameriika 1886 * Marie, f. Alvøen, Askøy 6.11.1872 – n. 1875 – til Amerika 1886 * Ingolf Johan, f. Alvøen, Askøy 28.2.1878 – til Amerika 1886) e. Synneva Olsdotter Offerdahl, f. i Årdal 3.1.1831, d. ugift på ein sjukeheim i Bergen 21.7.1918. Synneva flytte i ung alder som tenestejente til Bergen der ho vart buande levetidi ut. f. John Olson, f. i Årdal 26.1.1834, d. på ein pleieheim i Bergen 19.7.1916. John flytte i ung alder til Tansøy i Kinn, men gifte seg på Askøy 19.6.1859 med Agatha Johannesdotter frå Tveitevåg på Askøy, f. på Askøy 16.10.1830. Ho d. i Bergen 20.4.1894. John Offerdahl var for det meste dagarbeidar og budde ulike stadar i Svanøy og Eikefjorden sokner i Kinn. Kring 1868 flytte dei so til Tveitevågen på Askøy der John var skøyteførar til dei på 1870-talet busette seg i Bergen. John og Agatha fekk fire søner i lag. ##### (borni deira: * Samson Olai (Tansø) Offerdahl, f. Svanø, Kinn 1.10.1861 – snikkarsvein – med kona Synneva, f. Sogndal 1860 – han til Amerika som gift snikkar 1888! – Synneva følgde året etter med dotter Aagot! * Johannes Bertinius Offerdahl, f. Svanø, Kinn 22.10.1863 –n. 1891 ug. fyrbøtar ved sjukehus * Jacob Tobias Offerdahl, f. Eikefjorden, Kinn 16.12.1866 – n. 1885 reipslagarsvein * John Andreas Offerdahl, f. Askøy 10.7.1870 – n. 1885 steinhoggarlærling – til Amerika 1890) g. Aasta Olsdotter, f. i Årdal 6.11.1835, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.