Abraham Olsen Hareide gifte seg i Ulstein i 1834, men kven er eigentleg denne Abraham Olsen Hareide? Han er vigd i Ulsteinkyrkja 21. september 1834 til Karen Nilsdatter Sørrevartdal (Grønnevet). Foreldre er Ole Hareide og Nils Sørrevartal. Sponsorar er Olavius Kaldhoel og Ananias Haddal: https://www.digitalarkivet.no/kb20050727040144 Men kvar kom han frå, og kven er faren Ole Hareide.
Abraham Olsen Hareide enda opp på Abrahamgarden, Østrem på Emblem. Abraham (1801-1885) fekk bygsle garden i 1835.
Om vi startar i Borgund, kan det godt vere rett Abraham som er gift i Ulstein (eller helst på Hareid - men kyrkjeboka seier ikkje kvar). Faren er berre kalla "Ole Herejde", og det kan det ha vore fleire som heitte. Bygdeboka (U og H, b.5) plasserer han på "Pe-plassen" (bnr. 26, s. 219), med foreldre Ole Olsson Lid f. 1769 og Berte Oline Olsd. Klepp f. 1768, begge frå Volda.
Men såvidt eg forstår er den einaste kjelda for dette at "Haddal" [= Johan Haddal, 1869-1948] meiner at Abraham kan vere son til Ole og Berte".
Ein Abraham Olsen Hagen er døypt 23. mars 1801 i Ørstakyrkja: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660332
Men Bjørn Jonson Dale nemner ikkje Abraham under Hagen i "Ørstingar", og den einaste Ole Hagen eg finn der er Ola Finnson Hagen, som var 16 år i 1801. Fadrane som er nemnde i kyrkjeboka, Anders og Find Hagen, må vere Anders Finnson og Finn Kolbeinson - som er bror (21 i 1801) og far til Ola Finnson. Ola vart etter kvart gift og slo seg ned som plassemann på Berknes. Der må han ha budd i 1830-åra (d. 1837), og kan neppe ha vore "Ole Harejde".
Har nokon opplysningar som kan kaste lys over opphavet til Abraham Olsen Hareide og faren Ole Hareide?