Claus Franzson Bergh, fødd i København kring 1546, var først sokneprest til Skien, man vart i 1580 tilsett som kannik og domkantor til Domkyrkja i Oslo. Han var gift (andre gongen) 2.6.1594, uvisst kvar, med Elsebe Olsdotter Teiste frå Bjelland i Kvinnherad, og dei skal ha butt på ORMGAARD der dei fekk åtte born i lag.
Men kan nokon seia meg kvar denne ORMGAARD var? Er det kanskje ein gamal gard i Aker?
Og er det noko som veit kva tid denne Claus Bergh døydde? Elsebe var før 1622 attgift med Oeder Christopherson Rytter som då budde på Fosser i Rakkestad.
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!