På Domba i Kinn var det i 1789 to med namnet Anders Mathiasson.
Den eine var fødd på Keitangen, (son til Mathias Andersson og Marte Kolbeinsdtr. på Kittang) gift 1774 med Margrethe Clausdtr. frå Hovden
(Han hadde også ein yngre bror som heitte Anders som var gift med Lovise Jakobsdtr. Rotenes som tok over garden på Keitangen etter foreldra. (Dei er mine 3x tippoldeforeldrer)
Den andre Anders Mathiasson Dumben vart 4. Søndag etter Trinit 1789 trulova med Anna Einarsdtr. Oosøen (1. kolonne) https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610563
vigde 28. Juli (2. kolonne) og dei døyper dattera Johanne den 29. Sept. 1789 og er då busett på Oosøen medan "min" Anders Mathiasson døyper sonen Mathias dagen etter
(begge heilt nederst i 2. kolonne) https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610564
Mit spørsmål er kven er denne Anders Mathiasson som gifter seg i 1789 med Anna Einarsdtr. Oosøen?
Og for dei som er lokalkjende : Kvar ligg Osøen, høyrer det til garden Osen?