Hei, eg leiter etter to personar frå Førde i Sunnfjord. Dei er i Førde ved tellinga i 1910, men eg kan ikkje finne dei seinare.
Her er lenke til Anna i teljinga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036731001607.
Anna blei fødd i 1884. Foreldra var Nils Olson Refsdal fødd 1853 og Malene Mosesdotter f. 1856.
Anna reiste til Amerika i 1909.
Her er lenke til Erik i teljinga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036731000597
Erik blei fødd i 1876 (det står Eirik i bygdeboka). Far var Andreas Madsson f. 1842 og Helene Johanne Eiriksdotter f. 1839.
Erik reiste til Amerika i 1898, 1903 og 1907.
Eg har sjekka søkbare dødslister for Førde fram til 1941 og emigrantlistene over Bergen, men kan ikkje finne dei.