Eg har i mange år vore på leiting etter det norske opphavet til denne jenta og vonar at det med dei mange nye kjeldene i Arkivforum skal vera mogeleg å finna ut av dette?
Valborg Olsdotter Røinstad - alias Welborg Roinstad - vert oppgjevi fødd i Sætesdalen 17.5.1870
Ho skal ha utvandra til Amerika kring 1878, men foreldri hennar er ukjende. Ho gifte seg i Traill Co., ND 15.11.1898 med Martin C. Nash, fødd i Vernon Co., WI 10.9.1868. Welborg Nash døydde i Grand Forks, ND 7.6.1946.
Kan nokon hjelpa meg finna ut:
* Dato og stad for fødsli hennar?
* Korrekt utvandringsår?
* Fulle namn på foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!