Kenneth Bratland har i dag sendt meg ei melding som mellom anna referer til dette skiftet frå 1838:
https://www.digitalarkivet.no/sk20081118630460
Eg tolkar desse opplysningane slik:
Ole Larsson Rønne døydde på Fløyen i Skjold skipreie i 1838 og etterlet
* dotteri Gjertrud Rønne, gift med Jens Sjøthun(?)
* dotteri Lisbet Rønne, gift med skipper Ludvigsen - avlidi let etter seg fire eller fem born
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips.
Elles lyt eg få be om òrsaking for lang «pause». Men etter at eg braut saman med helsekollaps for tre veker sidan, ligg eg på intensivavdelingi på sjukehuset i Murnau, og her vert eg nok liggjande ei tld… Men eg har Dykk alle i tankane og vonar forskingi der heime går vidare som ho skal...