Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'røysum'.
Fant 1 resultat
-
Ole Larsson frå Marifjøra (1728-1768) - husmann på Røysum på Leikanger - huslyden hans?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Dette er ein huslyd som eg har vore merksam på i mange år, men som eg har hatt vanskar med å komplettera manuskriptet til. Ole Larsson frå Høgi ved Marifjøra i Hafslo vioks oppn butan far og flytte tidleg til Leikanger. Han gifte seg og fekk sju born før han døydde i 1768. Det skòrtar hjå meg på lokal kunnskap på Leikanger - kva namn dei hadde dei ulike plassane som desse folki budde på og kvar nokre av desse ektemakane kom ifrå. Dette ligg langt attende i tid, men kanskje det likevel er mogeleg å få lite vetta hjelp? Her er forresten skiftet etter husmann Torbjørn Olson på Husabø frå 1805 som gjev oss eit bra oversyn over huslyden: https://media.digitalarkivet.no/view/24172/453?indexing= Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Larsson {Høgi}, f. {i Hafslo} kring 1729, Ole Larsson flytte i ung alder til Leikanger der han 20.10.1753 gifte seg med Gjetlaug Baardsdotter frå Henjum på Leikanger. Ho var dotter av husmann Baard Lasseson på Henjesanden under Henjum og kona Martha Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) og var f. på Leikanger kring 1728. Ole og Gjetlaug var husmannsfolk på Kòlabakken under Røysum på Leikanger, og derifrå vart Ole gravlagd 1.1.1768. Gjetlaug d. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1805!) Dei fekk sju born i lag, men Gjetlaug fekk òg ei dotter etter ho vart enkje: a. Lars Olson, døypt på Leikanger 3.12.1753, d. som husmann på Skarestad i Balestrand 4.9.1828. Lars gifte seg i Balestrand 4.6.1792 med Randi Olsdotter frå ##### (opphavet hennar? - innflyttar?) Ho var f. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1753) og d. som legdelem på Skarestad 7.12.1836. Lars og Randi budde ei tid på Tufte i Fjærland, men vart sidan husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Skarestad i Fjærland, Balestrand. Dei fekk fire born i lag. b. Hans Olson, døypt på Leikanger 14.9.1755, vart gravlagd frå Røysum 4.1.1756. c. Hans Olson, døypt på Leikanger 29.10.1756, vart gravlagd frå Haukåsen på Kaupangr, Sogndal 25.71802. Han gifte seg i Sogndal 6.5.1786 med enkja Gjertrud Sølfestsdotter, opphavleg frå Åberge i Sogndal, døypt i Sogndal 25.12.1761. Ho d. som innerstenkje på Haukåsen 28.1.1848. Ho gifte seg første gongen i Sogndal 26.10.1784 med Ingebrigt Ingebrigtson på Bjørk på Kaupanger, døypt i Sogndal 11.11.1759, men han vart gravlagd frå Haukåsen 27.11.1785. Ingebrigt og Hans var gardbrukarar på Haukåsen på Kaupanger i Sogndal, ein etter hin, og Gjertrud fekk i alt fem born; fire av dei var frå andre ekteskapt med Hans Olson. d. Synneva Olsdotter, døypt på Leikanger 25.6.1759, d. som kårkone på Husabø på Leikanger 24.5.1825. Synneva gifte seg første gongen på Leikanger 20.1.1784 med enkjemannen Aamund Knutson, opphavleg frå Nagletun i Norum, Sogndal. Han vart døypt i Sogndal 7.12.1749 og vart gravlagd frå Husabø 20.2.1803. Synneva gifte seg so 22.11.1808 att på Leikanger med enkjemannen Lars Larsson, opphavleg frå Lidal i Balestrand. Han vart døypt i Balestrand, Leikanger 16.3.1764 og d. som husmann på Husabø 11.12.1833. Aamund var gardbrukar på Husabø på Leikanger, medan Lars, som før hadde vore husmann på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Huke på Leikanger, vart husmann på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Husabø. Synneva fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet. e. Baard Olson, døypt på Leikanger 7.8.1762, d. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? - før 1805 – truleg ugift – i alle fall barnlaus!) f. Anna Olsdotter (1764- ), vart gift med husmann og enkjemann Ole Carlson på Verken under Grinde på Leikanger (1753-1838), som før mellom anna hadde vore gift med strandsitjardotteri Kari Christensdotter frå Kvalsøyri under Kvale i Luster (1744-1789) (s.d.). g. Torbjørn Olson, døypt på Leikanger 13.4.1767, d. på Husabø våren 1805. Han gifte seg på Leikanger 3.4.1800 med Britha Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar? – Husabø? - eller innflyttar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1760?) Ho d. som som husmannskone på Husabø 19.12.1844. Som enkje vart ho attgift to gongar. Torbjørn og Britha var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Husabø på Leikanger og fekk ein son i lag. h. Martha Bottolfsdotter, dotter av Gjetlaug og ##### (Bottolf Olson Dalen – kven var han?) vart døypt på Leikanger 1.6.1771 og d. som legdelem på Njøs 28.1.1847. Ho gifte seg på Leikanger 10.11.1800 med Hans Mikkelson frå Ladberget under Njøs, døypt på Leikanger 1.10.1772. Han d. som husmann på Njøs 25.8.1833. Hans og Martha var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Njøs på Leikanger og fekk fem born i lag, men fostra òg opp ei dotter som Hans hadde frå før. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive