Futen Anders Larsson på Fuhr i Luster (1565-1630), som på «folkemunne» i lag med broren Søren Larsson på Talle (1575-1653) vert referert til som stamfedrar til Heiberg-ætti i Sogn, var gift med Maren Trudesdotter (1575-1653) og fekk ti born, mellom anna denne dotteri:
* Cecilia Andersdotter, truleg fødd i Luster kring 1610, gifte seg kring 1636 med Endre Nilsson frå Ottum i Luster, fødd kring 1602. Desse var ei tid gardbrukarar på Rebni i Luster, men flytte tidleg på 1650-talet til nabogarden Mørkrid der Endre truleg døydde kring 1675. Endre og Cecilia hadde minst tre søner, som alle budde heime i 1665:
** Anders Endreson, fødd kring 1641, nemnd som soldat
** Jacob Endreson, fødd kring 1647
** Nils Endreson, fødd kring 1649
Medan futen Anders Larsson var mellom dei rikaste innbuarane i heile Sogn, ser det ut til at Cecilia og Endre ikkje greidde å halda på den arven som dei eventuelt fekk, og huslyden forsvinn. Ingen av sønene tok over garden, og dei er rett og slett «borte vekk»! Eg ser ikkje noko til nokon av dei i Luster i 1701!
Kanskje er det nokon som har forska på denne sokalla Heiberg-ætti, og som kan vita kvar det vart av desse gutane og eventuelt andre born etter Endre og Cecilia?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!