I Sjernarøy Bygdebok, bn. 1, s. 452 er fylgjande familie oppførd;
Nils Jonson, f. i Time 1815, g. 5. Nov. 1839 m. Ragnhild Olsdtr. Helland f. 1816. Dei hadde dottera
a. Marta, f. 16. juni 1840.
Nils vart g. 2) 1846 m. Elisabeth Endredtr. f. 1815 i Bremnes. Dei hadde desse
borna:
b. Anna, f. 4. des. 1846, d. 24. mars 1850.
c. Rakel Torina, f. 6. aug. 1848.
d. Jone, f. 29. jan. 1849.
e. Anna Serina, f. 19. mai 1852.
f. Elen Marie, f. 16. okt. 1855. Til Stavanger 3. sept. 1883.
g. Niels f. 11 juni 1860
h. Elisabeth, f. 29. juni 1864. Til Stavanger 9. juni 1884
Er det nokon som kjenner kor det blei av barna her. Dette er etterkomarar etter «Russa-Marto».
For meir informasjon om henne, sjå www.russamarto.no
Det vart noko rot med dette innlegget, men om det no er nokon som veit korleis det gjekk med desse jentebarna, så er det av stor interesse å få vita...